30.4.09

Moderne dikt

Etter vi hadde valgt fire av objektene som lå på Christines kateter, fikk vi i oppgave å skrive et romantisk dikt, et dikt på rim, en sang og et moderne dikt.
Det beste resultatet mitt ble et moderne dikt om golfball:

________________Golfball______________________
___________slette_______grønn_______________
_______SKOLE_____________asfalt___________________
_________gammel tid____spretter_____________
____________________._____________________
__________________borte_____________________

12.2.09

Mengele Zoo

Mengele Zoo er skrivi av den norske forfattaren Gert Nygårdshaug. Han ble født i 1946 på Tynset, Hedmark. Han skriv det meste frå barnebøker til øko-krim-romanar, kor Mengele Zoo hamnar i den siste kategorien. Boka eg har lese er i lydbok-form, utgitt av Cappelen i 1989 og har eit omfang på 14 CD-platar.


Boka startar med lille Miño Aquiles Portuguesa og sin beste ven, Pepe. Dei veks opp i djupaste regnskogen i Sør-Amerika og anar fred og ingen fare. Dei fangar sommarfuglar og lever jungelens frie liv. Så kjem den vestlige industri og det uunngåelege skjer. Miño begynner på ei ferd for å hemne vestens skader på den vesle landsbygda og på ferda møter han ein gamal mann som lærer ham å trylle, og ein liten gruppe med menneske som vil hjelpe Miño med sin draum om både hemn og rettferd.

Når eit amerikansk oljefirma flyttar inn som nærmaste nabo til landsbygda, og dermed raserer alle åkrane og plantene til den, begynn forviklingane. Dette er triggeren til hemnferda til Miño. Den startar midt i regnskogen, i den vesle landsbygda til Miño, forflyttar seg etter kvart litt meir rundt i Sør-Amerika og deretter omfattar den heile verda. Han er voksen for alderen og har heilt frå starten har eit logisk og bredt perspektiv på verda rundt seg, sjølv om han bare er fire-fem år i begynninga.

Temaet er konfliktane i verda. Måten vi behandlar urstammer og omgivelsene til dei, korleis korrupte leiarar øydelegg verda vår med deira industri og forrådande vener er berre nokon av tema som blir tatt op. Budskapet er omtrent det same. Det Gert Nygårdshaug vil frem med er at vi må ta vare på jorda vår, og ikkje tru at vi er verd meir enn ein tilfeldig maur, fordi mauren gjer noko fornuftig med og for verda.

Gert Nygårdshaug bruker bevisst mange søramerikanske ord og uttrykk. Eg trur han gjør dette for virkelig å føle oss som i Sør-Amerika. Han skriv på ein måte som gjer at man forsvinn inn i verda til Mengele Zoo. Han bruker eit språk som beskriver omgjevnadene godt, noe som i mitt eiget hovud dannar eit klart bilde av kva som føregår.

Eg synes at dette var ei gjev bok å lese. Det var min første lydbok, så det tok litt tid å sette seg inn i å høyre på nokon prate i øyre mine. Mengele zoo gav eit nytt perspektiv på korleis fattige menneske har det omkring denne verda og kva vesten gjer og ikkje gjer med dei. Boka er absolutt å anbefale til alle som kan tenkje seg å lese frå eit litt anna perspektiv enn det ein er vant med, og som også har eit ungdommelig sinn. Stereotypisk får Mengele Zoo oss til å bli på lag med ein terrorist i tenåra, noke som er ei morsam vri på korleis verda er for nokon andre. Mengele zoo er ei viktig bok å lese som absolutt anbefalast på det varmaste.